I 1969 byrja ein norskamerikanar i Wisconsin å sende lydband med amerikabrev heim til slekt i Sogn. No kan du lytte til dei rundt 60 opptaka der Owen Veum snakkar om mellom anna bensinprisar, borna sine og tobakksavlingane.
- 1/1
Owen Veum sende lydbrev til slektningar i Sogn i 24 år, frå 1969 til 1993, då det siste lydbandet er frå. I arkivet er også konvoluttar/pakkar banda vart sende i. Javad Montazeri/Vestland fylkeskommune
Stemmene til utvandra nordmenn
På lydbanda snakkar Owen om kvardagslege saker, slikt ein ville ha snakka om på telefon, eller skrive i brev. Det er snakk om prisar på bensin og andre varer, om kva som er nytt på garden med oksar og tobakksplanter og om borna. I tillegg fortel Owen mykje om andre norskamerikanarar i området, nemleg dei som til liks med hans eigne foreldre utvandra frå Noreg.
Høgdepunkta er kanskje likevel når Owen får nokre av dei gamle til å prate. Nokre av røystene på banda tilhøyrer nemleg nordmenn som sjølve utvandra ved det førre hundreårsskiftet.
Sende lydband i 32 år
Owen Veum vart fødd i USA i 1917 og døydde i 2015. Begge foreldra hans utvandra frå Sogn, faren i 1899 og mora i 1901. Dei budde i Stoughton i Wisconsin, i eit område med mange nordmenn. Her vaks Owen opp i eit norsk miljø og med nære slektningar rundt seg: faktisk heile 19 søskenbarn. Heime snakka dei norsk.
I 1969 tok Owen til å sende lydband over Atlanteren til norske slektningar i Marifjøra i Luster kommune. Det siste lydbandet sende han i 2001.
Interesse blant forskarar
– Det har vore interesse for dette arkivet mellom dei som forskar på amerikanorsk. I april 2025 vart nokre fåe smakebitar spelt av under eit arrangement i Bergen. Ryktet om at vi sat på dette arkivet begynte å gå, seier Karl Peder Mork i seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune, som no endeleg kan gjere alt innhaldet tilgjengeleg.
Vestland fylkeskommune har lansert ei ny teneste for å gjere tilgjengeleg digitaliserte foto, lyd- og filmopptak. Som del av det arbeidet, er dei rundt 60 breva frå Owen Veum no tilgjengelege på nett.
Rådgjevar Karl Peder Mork ved seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune har også publisert ein artikkel om arkivet etter Owen Veum i fagtidsskriftet iasa journal: Les artikkelen “To prove to you I haven’t forgotten my Norwegian” her.
NRK Vestland hadde eit radioinnslag om arkivet etter Veum i morgonsendinga for Sogn og Fjordane onsdag 22. oktober. Du kan høyre innslaget her.