Gjennom historia har menneske kryssa hav og landegrenser på leiting etter eit betre liv. I 1825 la den vesle seglskuta Restauration ut frå Stavanger med kurs for New York—byrjinga på ein stor migrasjonsstraum frå Noreg til Amerika.
I dag ser me nye reiser: Risikable kryssingar av Middelhavet, overfylte gummibåtar på Den engelske kanalen, og bilar på vegane bort frå krigen i Ukraina. Migrasjonen før og no er uttrykk for den samegrunnleggjande søken etter tryggleik, verdigheit og nye moglegheiter.
Utstillinga er eit samarbeid mellom Ryfylkemuseet og Introsenteret i Suldal.