Hopp til hovedinnhold
Bok

The History of Nordfjord

Rolf Melheim fortel om landskap, folk, næringsliv, tradisjonar, kulturliv, kommunikasjonar m.m. i ei bok som omfattar bygdene i heile Nordfjord. Han har også skrive eit kapittel om utvandringa tiI Amerika.

  • Bokforside The History of Nordfjord av Rolf Melheim. Nederst et bilde av vann med fjell i bakgrunn. Øverst et historisk bilde av mange menn ved en stor tømmerstokk foran to trebygninger. Innfelt nederst et historisk bilde av en familie foran et hus.
    1/1
    Rolf Melheim | Janett Alice Olijnyk
  • Portrett av en mann i lyseblå skjorte. Fjellside med gress i bakgrunn.
    Rolf Melheim

I 2016 gav Rolf Melheim, osloborgar med far frå Heggjabygda og mor frå Hornindal, ut boka Gamle Eid og Hornindal. På 280 sider og gjennom 15 ulike kapittel fortel han om landskap, folk, næringsliv, tradisjonar, kulturliv, kommunikasjonar m.m. i desse bygdene, frå dei eldste tidene og fram til etter andre verdskrigen. 

No har Melheim teke eit nytt steg på bokfronten ved å utvida perspektivet i ei bok som omfattar bygdene i heile Nordfjord. Han har også skrive eit kapittel om utvandringa tiI Amerika og om landet vårt etter 1945. Tittelen på denne nye boka er The History of Nordfjord, skriven på engelsk. 

Bakgrunnen for det nye bokprosjektet er nok den nasjonale 200-årsmarkeringa i 2025 av den første norske utvandringa til Amerika. Dette jubiléet vil også bli markert på ulike måtar rundt om i Nordfjord med besøk av amerikanske gjester med røter i regionen vår. Men boka vil også ha interesse for andre amerikanarar med slektsband til Nordfjord, amerikanske turistar som besøker dei kjende turiststadane i distriktet, kanskje kan boka også vere av interesse for bufaste nordfjordingar. 

I tillegg til den geografiske utvidinga og den engelske språkforma er det særleg dei mange flotte bileta med utfyllande tekstar som skil den nye boka frå den tidlegare. I alt har forfattaren fått plass til om lag 180 illustrasjonar og bilete på dei 280 sidene. Mange av bileta er reine blinkskot i halv- eller heilsides format. Det store bilettilfanget har vore mogleg å få med ved å komprimere den tidlegare teksten og redusere storleiken på bokstavane noko, men utan at dét har gått særleg utover lesbarheita. Dei mange bileta har bidrege til ei vesentleg kvalitetsheving og gjort boka meir attraktiv og aktuell for lesarane.  

Rolf Melheim må ha brukt utruleg mange timar på dette arbeidet. Opplysningar frå mange ulike skriftlege kjelder ligg til grunn for boka. Det same gjeld alle bileta med tekstar som går inn i eit samspel med innhaldet i manus. Ei omfattande innhaldsliste med sidetilvisingar gjer det lett å finne fram til aktuelle emne. Lengst bak i boka finn ein også ei nedteikning av det kjeldematerialet som har vore nytta. Boka har kome til i nært samarbeid med Selja Forlag. 

Mange i Amerika med norsk bakgrunn har kanskje meir enn dei fleste innvandrargruppene halde fast på tilknytinga til Noreg. Aukande interesse for slektsgransking og bruk av digitale hjelpemiddel har i nyare tid letta kontakta med «gamlelandet» og auka kunnskapen om tilhøva i fortida. Utan tvil vil denne boka om Nordfjord kunne vere med å skape ny interessa for dette distriktet blant mange etterkomarar av nordfjordingar som la vegen over Atlanterhavet. 

Stor takk til Rolf Melheim for dette bidraget for å styrke banda mellom Nordfjord og det norske Amerika. Det er å vone at boka vil bli mange sin eigedom, og at prosjektet på denne måten kan imøtekome det tenkte føremålet. 

The history of Nordfjord
288 sider illustrert
Selja Forlag

Boka kjøpes direkte av forfatter og koster kr. 398,- (frakt kr. 73,- inkludert)