Hopp til hovedinnhold
Studieemne

Norsk migrasjon til USA 1825 til i dag

Studieemnet er eit transatlantisk samarbeid mellom Universitetet i Søraust-Norge (USN) og Minnesota State University (MSU)

  • En mann står utenfor et lavt hus bygget av torv. Foran døra står en kvinne som holder et rundt fat. To småjenter i forgrunn til høyre.
    1/1

Studiet er resultatet av eit ønske ved både USN og MSU om å markere norsk utvandring i samband med 200-års jubileet/markeringa. Undervisning omfattar fire ulike studiestader: Bø og Vestfold ved USN, og Manketo og Moorehead ved MSU.

Undervisning gis både felles (digitalt og på engelsk) og på dei ulike campusane. Det blir også arrangert ekskursjonar, i Norge til Utvandrarmuseet på Hamar som også bidrar med undervisning. I tillegg til å tileigne seg kunnskapar om norsk migrasjon er det eit mål om å få studentane til å samarbeide på tvers av Atlanterhavet. Det planleggest også for eit lærarbesøk til USN frå MSU. Studentane avsluttar emnet med eksamen i slutten av semesteret.

Studiet starter 17. januar og avsluttes 20. juni 2025.