-
Medlemmene av Restauration Venneforening har lagt ned 60.000 dugnadstimar dei siste tre åra for å få skipet i stand. Her er ein del av den harde kjernen klar for innspurten, frå venstre skipper Kjell Morten Ronæs, Einar Jørgensen, Terje Haga, Odd Kenneth Tollefsen og Reidar Scott Østerhaug. Tom Hetland
På dekk er ein dugnadsgjeng i gang med dagens oppgåver. Sjølv om skipet er sett på sjøen, er det ennå ein del arbeid som står igjen. Dekket skal smørjast, master skal riggast med bommar, rær, segl og tauverk. Og så er det som alltid nokre smådetaljar som dukkar opp til slutt.
Eldstemann i gjengen er 76 år gamle Reidar Scott Østerhaug frå Elverum. Som «skogsmatrosen» i Jon Michelets romanar reiste han til sjøs som dekksgut i ung alder. Berre 16 år var Reidar då han mønstra på for første gong. Seinare har han vore ein sjøens mann. I 1984 flytta han til Stavanger for å undervisa på barnevernpedagogutdanninga i byen. Då fekk han også eit ideelt utgangspunkt for å dyrka lidenskapen for havsegling. Denne hobbyen har ført han fram og tilbake over Atlanterhavet, Østersjøen rundt og på fleire andre langturar.
Reidar Scott Østerhaug er den eldste av dei fem som skal vera med nye «Restauration» heilt frå Stavanger til New York. Dei andre som jobbar dugnad denne dagen, Terje Haga (67) frå Bjoa i Vindafjord, Einar Jørgensen (55) frå Mosterøy og Odd Kenneth Tollefsen (55), også han frå Mosterøy og med tittelen «teknisk sjef», blir med på delar av turen. Alle har erfaring frå havsegling tidlegare.
- 1/1
Medlemmene av Restauration Venneforening har lagt ned 60.000 dugnadstimar dei siste tre åra for å få skipet i stand. Her er ein del av den harde kjernen klar for innspurten, frå venstre Terje Haga, Odd Kenneth Tollefsen, skipper Kjell Morten Ronæs, Einar Jørgensen og Reidar Scott Østerhaug. Tom Hetland
-
Ved hjelp av kunstig intelligens har PhD-kandidat Jane Svendrupsen ved Universitetet i Bergen i samarbeid med Restauration Venneforening laga eit tenkt portrett av Margaret Allen, jenta som vart fødd under overfarten til Amerika og oppkalla etter ei engelsk kvekarkvinne. Foreldra var leiaren for utvandrargruppa, Lars Larsen Geilane og Martha Jørgensdotter Eide. Verket har fått tittelen «Portrait Baby Margaret (Side Pose). Jane Sverdrupsen/UiB
98 dagar i sjøen
Og det kan trengast, for det er ei lang reise nye «Restauration» legg ut på når skuta kastar loss frå Stavanger 4. juli, med kongeparet og eit stort publikum som står på kaien og tar farvel. 98 dagar skal skipet vera i sjøen, nøyaktig like lenge som den originale «Restauration», sluppen som for 200 år sidan innleidde historia om norsk organisert utvandring til Amerika. 9. oktober er planen å klappa til kai i New York.
22 personar er plukka ut som mannskap, men berre fem av dei skal altså vera med på heile turen. På det lengste strekket frå Madeira og vestover er det ni personar om bord. Dermed får dei det langt romslegare enn dei første utvandrarane. 52 menneske var stua saman på den første «Restauration», og då dei kom fram til New York, var dei blitt 53. Eit lite jentebarn vart født undervegs. Utruleg nok kom alle velberga fram, og ingen var blitt alvorleg sjuke.
Komfortabelt og sikkert
Under dekk har nye «Restauration» ein heilt annan komfort enn den gamle. Her er skinnsofa, eit velutstyrt kjøkken og to toalett, og oppe på dekk er det dusj. Framfor alt har skuta topp moderne sikkerheits- og kommunikasjonsutstyr, autopilot og elektroniske kart. Mannskapet reiser ikkje utan tryggingsnett, slik «sluppefolket» i 1825 gjorde på vegen mot det ukjende. For å vera på den sikre sida, er den legendariske distriktslegen på Finnøy, Aslak Bråtveit (74) med på heile overfarten.
-Sjølvsagt blir dette ein annleis og tryggare tur enn i 1825, seier skipper Kjell Morten Ronæs. -Me tenkjer som så at liksom dei første utvandrarane brukte den skipsteknologien som var tilgjengeleg den gongen, gjer me det same i dag. Men respekten for motet dei viste, har ikkje blitt mindre.
Og sjølv med alle moderne hjelpemiddel for handa, er det framleis ikkje for kven som helst å reisa over Atlanteren i seglskute i vekevis.
-
Kjell Morten Ronæs (69) er skipper på «Restauration» under overfarten. Han reiste til sjøs som 16-åring og har heile livet vore knytt til det maritime. Blant anna har han vore plattformsjef i Nordsjøen i 20 år. I tillegg til arbeidet for «Restauration» er han eigar av den gamle redningsskøyta «Olav Ringdal jr.», som han bruker til turar på fjordane for slutta selskap. Tom Hetland
Ikkje for dei engstelege
- Når me plukkar ut mannskap, er det viktig at dei ikkje er for engstelege av seg. Dei kan ikkje vera redde for høg sjø eller djupt vatn eller ha anlegg for klaustrofobi. Og så må dei ha eit opent sinn og vera innstilt på å få til eit godt fellesskap når ein skal vera så tett på kvarandre i så lang tid, seier Ronæs.
Den 69 år gamle skipperen utstrålar ei trygg ro som er bygd opp gjennom eit langt yrkesliv på sjøen. Han drog til sjøs for første gong som 16-åring, seinare fekk han ansvarsfulle jobbar i oljå og har blant anna vore plattformsjef i Nordsjøen i 20 år. Dialekten røper barneår i Sauda, men i dag bur han på Sokn, like ved der nye «Restauration» ligg til kai. Ronæs har også si eiga skute, den gamle redningsskøyta «Olav Ringdal jr.», som han bruker til fjordaturar for slutta selskap.
-
Replikaen av «Restauration» vart bygd på Finnøy og sjøsett 15. april 2010. Nå vert skuta klargjort for turen over Atlanteren, som følgjer same rute som det første utvandrarskipet. Tom Hetland
Motor i bakhand
Den første «Restauration» skal visstnok ha vore gjennom tre stormar, og juni til november er «hurricane season» i Atlanterhavet. Skipperen er likevel sikker på at det skal gå bra.
-Denne skuta er i seg sjølv ein solid livbåt, og skulle det bli skikkeleg krise, har me med oss to hypermoderne redningsflåtar med søkbar AIS-identifikasjon for kvar enkelt person.
Likevel, sjølv om målet er å gå heile vegen fram med segl, er det lov å «juksa litt» og bruka motoren for å koma unna ein ekstra stri orkan. Eller omvendt, dersom skipet blir liggjande så lenge i stille sjø at det er fare for å koma for seint fram til målet. Skuta har med seg 1000 liter diesel for slike tilfelle. Men skipperen trur ikkje det blir særleg bruk for drivstoffet:
-Me har god tid på oss, sjølv om nye «Restauration» ikkje akkurat er ein skarpseglar!
Berga i siste liten
Trass sin unge alder har skuta hatt ei turbulent historie. Ideen om å byggja ein replika (kopi) av den gamle utvandrarskuta vart sett i verk i 2007. Det var Ryfylke Trebåtbyggjeri på Judaberg som stod for arbeidet, og skipet vart sjøsett i april 2010. Men stiftelsen som skulle driva «Restauration» gjekk konkurs, og i fleire år låg skuta under presenning og var i ferd med å rotna vekk. Med hjelp frå den lokale næringslivsmannen Cato Østerhus vart «Restauration» berga. Sidan 2024 er skuta eigd og driven av Restauration Venneforening, som har som mål å spreia kunnskap om utvandringa frå Norge til Nord-Amerika, og om kystkultur og praktisk sjømannskap. Venneforeninga har 110 medlemmer i alderen ti til 90 år, med ein hard kjerne på cirka 30.
Leiar Ann Irene Sem-Henriksen boblar av entusiasme over prosjektet ho styrer, og gleder seg til å vera med når skuta legg til kai i New York. Det er så mange sider ved norsk utvandrarhistorie som det er viktig å fortelja om, på begge sider av dammen.
Like glad er ho ikkje for innstillinga til norske kulturinstitusjonar som Riksantikvaren og Kulturminnefondet. Der har det ikkje vore ei krone å få i støtte:
-Dei meiner skipet ikkje er gammalt nok, det er ein kopi og dermed ikkje verneverdig. Vårt syn er at det er viktigare å verna gammal historie enn gammal spikar. Og me vil svært gjerne behalda dette historiske minnet i vår region. Men det er eit krevjande løft. Støtte frå bedrifter og kommunar har vore til god hjelp, men utan dugnadsinnsatsen frå dei frivillige hadde det ikkje gått, seier Ann Irene Sem-Henriksen. Dei siste tre åra er det lagt ned 60.000 dugnadstimar, og om ein reknar 480 kroner per time blir det 28 millionar kroner!
Cleng Peerson og «sluppefolket»
Mange trur Cleng Peerson (1783-1865) var med på turen med «Restauration» i 1825, men det er ikkje tilfelle. På oppdrag av ei gruppe kvekarar reiste han til Amerika for å undersøka forholda for å etablera eit norsk nybyggarsamfunn. Han kom tilbake i 1824 og gav rapport, og reiste deretter over igjen. Då «Restauration» nådde fram til New York 9. oktober 1825, stod Cleng Peerson på kaien og venta.
«Sluppefolket», som utvandrarane på «Restauration» vart kalla, var altså ikkje dei første nordmennene som drog til Amerika. Alt på 1600-talet var det fleire som kom dit på nederlandske skuter til kolonien Ny Amsterdam, som i 1664 skifta namn til New York og vart overtatt av engelskmennene. Men ferda med «Restauration» var den første organiserte utvandringa direkte frå Norge.
Cleng Peerson var fødd i Tysvær og var ein fargerik eventyrar som utfordra autoritetar og konvensjonelle oppfatningar i samtida. Han slo seg ned i USA og levde siste del av livet i Texas. Cleng Peerson har også sett spor etter seg i litteraturen, framfor alt i Alfred Hauges trilogi, skildra i litteraturen, blant andre av Alfred Hauge i trilogien Hundevakt (1961), Landkjenning (1964) og Ankerfeste (1965).
Historia om «Restauration»
«Restauration» var bygd i Hardanger i 1801 under namnet «Emmanuel». Skipet vart bygt som jakt på oppdrag av skipsreiar Theophilus Bowitz i Egersund, og gjekk i tollfart mellom Bergen tolldistrikt og Frederikshald (Halden).
Etter ein skade vart skuta i 1817-1819 ombygd til slupp på Bradbenken i Egersund, og fekk då namnet «Restauration».
Etter at skipsreiar Torger R, Bowitz, son til Theophilus, kom i økonomiske vanskar, vart skipet kjøpt av Lars Larsen Geilane, leiar for utvandrargruppa. «Restauration» gjekk frå Egersund 9. mai 1825, og 200-årsdagen vart markert med ein seremoni på Egersund hamn på same dato i år.
Då sluppen nådde fram til New York, oppstod det problem. Det 54 fot store skipet hadde nemleg for mange passasjerar etter amerikanske lover. Kaptein Lars Olsen Helland vart fengsla og skipet halde ved kai. Først då president John Quincy Adams personleg greip inn, vart saka løyst, og passasjerane fekk reisa vidare innover i landet. «Restauration» vart selt til ein firedel av kjøpesummen, og ingen veit kor det seinare blei av.
Kvekarane
Kvekarsamfunnet vart grunnlagt i England, og paradoksalt nok var det den britiske blokaden av norske hamner under napoleonskrigane som gjorde at det fekk innpass i Norge. «Engelske kryssere stengte hver havn», som det heiter i Henrik Ibsens dikt om Terje Vigen, og det var hungersnaud i landet. Som Terje i diktet var det mange norske sjøfolk som hamna i engelsk fangenskap («prisonen»), og dei vart kjende med kvekarane, som i mange tilfelle hjelpte fangane.
Ein av dei som vart gripen av kvekarane si lære, var husmannssonen Lars Larsen Geilane frå Stavanger. Men heime i Norge vart kvekarane forfølgde og trakasserte. Grunnlova av 1814 hadde ingen paragraf om religionsfridom, og den evangelisk-lutherske statskyrkja hadde monopol på forkynning.
Dette ramma både kvekarar og haugianarar, og ein stor del av passasjerane på «Restauration» høyrde til desse gruppene, som altså flykta til Amerika for fritt å kunna dyrka sin religion. I Amerika spela kvekarane ei viktig og positiv rolle i samfunnet, og dei var ei drivkraft i kampen mot slaveriet. I 1947 fekk dei tildelt Nobels fredspris.
Lars Larsen Geilane var leiar for gruppa som drog med «Restauration». Under overfarten med fødde kona hans, Martha Jørgensdotter Eide, ei dotter som vart kalla Margaret Allen, til ære for ei framståande kvekarkvinne som Lars vart kjend med i England.
Kvekarane si rolle i den første utvandringa skal markerast både i Vågen i Stavanger og når «Restauration» ligg til kai i Falmouth, Cornwall, den første stoppestaden etter at skipet har kryssa Nordsjøen. Både i Stavanger domkyrkje, Falmouth og i USA skal det tennast freds- og forsoningslys laga av stubbar som er samla inn frå Kvekarsamfunnet i Stavanger og smelta om hos bedrifta Ranso i Stavanger.
Ein fuktig overfart
Overfarten med «Restauration» var ikkje spesielt edrueleg, trass i at ein stor del av passasjerane var djupt religiøse menneske. I ei skildring frå 1838 blir det fortalt at folk frå skipet selde ulovleg brennevin «i en liden Udhavn paa Kysten af England» og då dei oppdaga kva fare dei dermed hadde utsett seg for, «maatte de i største Hast igjen søge tilhavs». Då dei kom til Madeira, skal dei ha funne ei tønne madeiravin flytande i havet, «hvilken de halede til sig og begyndte at pumpe og drikke. Da hele Mandskabet var beskjænket, kom Skibet drivende som et Pestskib ind i Havnen, uden Kommando og uden at heise Flag».
Om historia er korrekt i alle detaljar, er vanskeleg å kontrollera. Men emigrantane med «Restauration» var barn av si tid, og aldri har det vel blitt drukke meir brennevin i Norge enn i første halvdel av 1800-talet. I 1816 vart heimebrenning offisielt lovleg, og jamvel oppmuntra av styresmaktene. Brennevinet var ein del av kvardagen i alle lag av folket, og vart eit stort sosialt problem. Frå midten av 1800-talet innførte styresmaktene restriksjonar, samstundes som det vaks fram store folkerørsler som kjempa mot alkoholen.
Turen med nye «Restauration» blir, om ikkje heilt tørr, så i alle fall langt meir nøktern, forsikrar skipper Kjell Morten Ronæs. Ein ankerdram og kanskje eit glas ved eventuelle fødselsdagsfeiringar er det lengste dei strekker seg. Eit anker jærsk brennevin er likevel med på turen til New York og skal i land der – forsegla og tollklarert.
-
Ann Irene Sem-Henriksen, styreleiar i Restauration Venneforening, har hatt ein travel jobb med å administrera det store prosjektet. Ho brenn for å spreia kunnskap om norsk utvandringshistorie, og ser fram til dei mange arrangementa i Stavanger og New York i samband med seilasen. Tom Hetland
Informasjon og innsamling
Nye «Restauration» tar ikkje med gjester utanom mannskapet på turen over Atlanterhavet, bortsett frå ved utsegling og innsegling, fortel Ann Irene Sem-Henriksen.
Frå Stavanger til Kvitsøy skal chargé d’affaires Eric Meyer frå den amerikanske ambassaden og statsforvaltar Bent Høie vera med, og på siste etappe inn til New York håpar ho å få med seg Liv Ullmann, som har gått inn som «den høge beskyttar» av seilasen. I tillegg blir det fleire norske artistar, men programmet er ikkje heilt fastlagt ennå. Det som er bestemt, er at Kaizers Orchestra skal halda konsert i Town Hall på Times Square 10. oktober, dagen etter ankomsten.
Mannskapet skal koma til New York kledd i tidsriktige 1800-talsdrakter, laga av gamle gardiner, laken og putevar og andre tekstilar som er kjøpte på loppemarknader. Gjenbruk og miljøansvar er viktige verdiar i prosjektet, seier Sem-Henriksen.
Dei som vil følgja skuta på ferda, vil få regelmessige oppdateringar på nettsida til Venneforeningen og på sosiale medium.
I samband med prosjektet blir det arrangert ein innsamlingsaksjon – «Broken Dreams – A Light Of Hope» til inntekt for barn i konflikt. Aksjonen er i samarbeid med SOS-barnebyer. Om bord er det også ei kunstutstilling og diverse meir eller mindre kuriøse gåver, mellom anna eit brev til Priscilla Presley, enka etter Elvis, med invitasjon frå Eigersund til å besøka byen der ho har røtene sine.
Reiserute og festivitas
På vegen mellom Stavanger og New York går «Restauration» innom Randaberg og Kvitsøy, Falmouth på kysten av Cornwall i England, Funchal på Madeira, Exuma Islands på Bahamas (usikker), Wilmington og Atlantic City for skuta stemner inn frå Jersey-sida, går under Brooklyn Bridge med god klaring og legg til kai ved Chelsea Pier i New York. Der ventar minst 300 nordmenn som har tatt turen over, og vonleg mange fleire amerikanarar.
Men alt 7. juni blir skuta å sjå på Vågen i Stavanger under arrangementet «900 hurra!», ein del av Stavangers jubileumsfeiring. Og 3. juli, dagen før avreise, blir det stor fest med artistar og kulinariske opplevingar i konsertlokalet på Fiskepiren.
-Det er mange gode grunnar til å ta turen til Stavanger i sommar, slår Ann Irene Sem-Henriksen fast.