Hopp til hovedinnhold
Bok

Over havet til Amerika

Fantastisk fin barnebok – også for vaksne

  • Bokomslag for Over havet til Amerika i 1825. Tegning av en gutt og jente på dekk på en seilskute på forsiden. Kart over seilingsrute over Atlanterhavet på baksiden.s
    1/1
    Anne Elisebeth Skogen

Om boka

Boka blei lansert på Ryfylkemuseet på Sand i Rogaland 14.11.24, og er illustrert av biletkunstnar Nenad Ignjatic.  Første opplaget er nesten utselt, men eit nytt opplag vil vera klart i midten av januar 2025.

Dette er ei sakprosabok i forteljande form om det første norske utvandrarfølgjet som forlet Norge sommaren 1825 i ei overfylt seglskute.

Boka er skrive slik at 10-12 åringar kan lesa sjølv, med hjelp av ei liste bak i boka over vanskelege ord og uttrykk. 10-12 åringar har lese manuset og komme med råd til forfattaren, og har m.a. velt ut kva ord dei meiner treng forklaring. 

Elles eignar boka seg godt som høgtlesing for yngre. 

Ungdomar og vaksne vil òg ha glede av boka, som bakerst også er utstyrt med ei liste med namna på 49 av dei 52 som reiste, (omlag halvparten var under 18 år), eige kapittel om leiaren Lars Geilane og bakgrunnen for utvandringa og eit kapittel om kjeldene eg har brukt.

Det er ikkje gitt ut litteratur for barn om dei første utvandrarane  sidan Kåre Holt gav ut boka «Nils med luggen» i slutten av 40-åra.

Det er forresten den same Nils som er på forsida av denne boka. (Nils Hersdal frå Tysvær, 9 år gammal)

Om vaksne lett og greit vil lesa seg opp på starten av norsk utvandring til Amerika, så er faktisk boka veldig grei. 

Det ligg eit grundig kjeldearbeid bak. M.a. oppdaga eg i 2009 ein fotnote i «The Sloopers» av J. Hart Rosdail, at Restauration segla inn til New York den nordre leia, og dermed forserte dei Hell Gate for å nå «Det Lova Landet». Elles er eg stolt av å ha site på Historical Society på Manhattan og lese kva New York-aviser frå 1825 skreiv om Restauration og dei norske utvandrarane då dei kom til byen 9. oktober i 1825. Elles finst det ulike varianter av dei same hendingane, og framleis diskuterer ein detaljar i historia som tidspunkt for avreisa, kva som skjedde under overfarten osb. Nokon stader har eg måtte velja kva variant eg ville bruka for å få samanheng i forteljinga.

Det vert arbeidd med utgjeving på engelsk i samarbeid med "The Sloopers», organisasjonen av etterkommarar av dei 53 som nådde Amerika 9. oktober 1825.

 

Boka  kostar 350 kr og blir gratis tilsendt om du bestiller to eller fleire eksemplar. Frakta for ei bok 73 kr.

Vipps 943721

Bokmelding

"Ryfylke" 12. desember 2024

Anne Elisebeth Skogen er suldøl, og ho er «forteljar». I den uvanleg fine boka «Over havet til Amerika i 1825»,  som ho gav ut saman med biletkunstnaren Nenad Ignjatic tidlegare i haust, presenterer forfattaren seg sjølv slik: «Eg heiter Anne Elisebeth og er forteljar, munnleg forteljar. Når eg fortel, brukar eg sjølvsagt stemma mi, men eg brukar og ansiktet, ikkje minst augo, og iblant heile kroppen». Ho skriv at ho fortel både for barn og vaksne, unge og gamle. I år har ho bestemt seg til å «fortelje skriftleg». Og forteljinga hennar er eit frampeik mot noko som vil skje neste år. Då skal vi markere at det er 200 år sidan sluppen Restauration kasta loss i Stavanger med 52 rogalendingar om bord. Dei ville utvandre til Amerika.

Dei 52 var kvekarar. Dei hadde nekta å innordne seg, dei ville ikkje følgje den norske kyrkja og prestane sine reglar. Passasjerane var religiøse flyktningar. Det er den dramatiske og farefulle ferda frå Stavanger, via England og Madeira og over Dammen til Amerika boka handlar om. Og som hand i hanske passar Nenad sine illustrasjonar til Elisebeth sin tekst. Akvarellane hans fortel, dei og, om reisa mot det ukjende. Om småjenta Marta Helene der ho sit på dekk og tviheld på filledokka si. Om Marta Geilane, som hell sitt nyfødde barn på fanget fødd to dagsreiser frå Bahamas. Akvarellane er stilla ut i Ryfylkemuseet sitt hovudkvarter på Sand. Dei er så flotte at ein kan foreslå ei sjøreise vestover til nabokommunen for å sjå dei.

Treng saudabuen eit julegåvetips, anbefaler eg «Over havet til i Amerika i 1825», både til dei som kan lese og til dei som enno ikkje kan, men er glad i å bli lese for.

Og på dei tre barneskulane våre burde rektor svinge seg rundt og kjøpe inn klassesett av boka – om ein der enno held seg med klassesett med bøker? Boka er til sals i adventbokhandelen.

Roar Lund