Hopp til hovedinnhold
Spill

Brettspelet Reisa til Amerika

Brettspelet Reisa til Amerika er eit pedagogisk og strategisk brettspel basert på historiske utvandraskjebnar frå Ryfylke på 1800-talet. Gjennom spelformatet får du oppleve nokre av dei same utfordingane og vala som dei som utvandra frå Noreg til Amerika i løpet av 1800-talet.

  • To unge damer i lange kjoler og hatter holder opp hvite tørkler i høyre hånd.
    Ryfylkemuseet

Spelarane får kvar sitt startkort med enkel bakgrunnsinformasjon om historiske personar som har utvandra. Dette er din karakter i spelet. Kvar karakter har ulikt utgangspunkt, spegla i spelressursar. Målet med spelet er å nå Den Amerikanske Draumen om eit betre liv. Spelarane må samla ressursar i ulike kategoriar som dei treng for å reagera på hendingar og for å nå måla sine. Ved slutten av spelet reknar ein saman poeng – klarte du å nå Den Amerikanske Draumen?

Spelet tek utgangspunkt i originalt kjeldemateriale om personar som utvandra frå ulike stadar i Ryfylke i løpet av emigrasjonsperioden 1825-19--. Hendingar som prega utvandrarane sitt liv blir blanda inn i spelet som hendingskort, informasjonskort og utdrag frå originale Amerikabrev som utvandrarane sendte heim. Etter spelet får ein trekke sluttkonvolutt/lagnadskort for din karakter, som knyter spel og røynd saman: i sluttkonvolutten kan ein lese korleis det faktisk gjekk for den historiske personen ein nettopp spelte, og sjå døme på kjeldemateriale som fortel oss denne historia. 

Spelet er teke opp som del av tilbodet i Den kulturelle skulesekken i Rogaland, og kan elles tingast hjå Ryfylkemuseet.