I «Draumen om ein flat åker» følgjer vi Martinus gjennom barndoms– og ungdomsår, arbeid med gardsdrift, sildefiske og kyrkjebygging. Vi blir kjende med familie- og bygdeliv i Sunnhordland midt på 1800-talet. Vi får følgje med korleis amerika-draumane veks fram blant både unge og eldre på den tida. I april 1873 reiser Martinus saman med nokre vener til Amerika med barken «Valkyrien», ei reise som blir meir dramatisk enn dei hadde sett føre seg.
Boka «Winnebagopila» tek for seg det første året i Amerika for Martinus og venene hans. Livet blir ikkje heilt som dei hadde tenkt seg, planar må snus om, og vi får møte både indianarar og nokre av dei første pionér-nybyggjarane i det nord-austre Iowa.
For meir informasjon og kjøp av bøkene, sjå https://heienweb.com/leo og https://heienweb.com/leo/winnebagopila