Fredag 5. sept.
Kl. 19.00 Kino Førde: På høge hæler i Amerika. Lisjesalen. Billettsal på fordehuset.no Ein kritikerrost dokumentar; Kvifor drog så mange unge norske kvinner til New York etter 2. verdskrigen?
Laurdag 6. september
Kl. 12.00 Utstilling og foredrag, Sunnfjord Museum/Movika Migrasjonsminner med Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie Utstillinga “Spelemenn og sognekjerringar: underhalding i det norske Amerika”, kan du sjå på museet fram til 17. oktober.
Kl. 14.00 Markering av utstillinga “Sunnfjordingar som drog”, Peisestova, Førdehuset Utstillinga viser bilete, brev og julekort som vart sendt mellom Amerika og “Gamlelandet”. Ulike utvandringshistorier frå Jølster, Gaular og Naustdal Musikkinnslag, forfriskningar
Kl. 15.00 Foredrag – Utvandringa frå Sunnfjord, v/Yngve Nedrebø, historikar og statsarkivar, Teatersalen, Førdehuset
Kl. 17.00 Linedance og kortesje av amerikanske bilar, Førdehuset
Kl. 18.00 “Det løfterike landet”, forestilling med Fjellkoret, Storsalen. NB! Billettsal på fordehuset.no.
Søndag 7. september
Kl. 18.30 Kino Førde: På høge hæler i Amerika. Lisjesalen. Billettsal på fordehuset.no Ein kritikerrost dokumentar; Kvifor drog så mange unge norske kvinner til New York etter 2. verdskrigen?
MEMOAR er norsk organisasjon som samlar inn munnlege historier. Både i 2024 og 2025 har ulike personar i Sunnfjord fortalt sine “utvandringshistorier”, og desse intervjua kan du sjå og høyre på nettsida til MEMOAR.
Arrangementa er i samarbeid med Fjellkoret, Memoar, Førde historielag, Gaular sogelag, Jølster sogelag, Naustdal sogelag, Sunnfjord museum, Førdehuset, Kino Førde og Førde bibliotek.
Alle arr. med unntak av kino og forestillinga til Fjellkoret, er gratis å delta på!