- 1/1
Vågespel / in courtesy of NDSU Archives, Fargo, North Dakota
Kven var dei, kvinnene som forlet Noreg mellom 1825 og 1925, med reisekiste og draumar om ei ny framtid? Kva røyster vart aldri høyrde?
Vågespel - ein podkastserie om dei norske kvinnene som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom 10 episodar fylgjer lyttaren reisa gjennom brev, dagbøker og forteljingar – møte med kvinner som reiv seg opp med rota for å finne noko betre - eller for å sleppe fri? Med dramatiserte opplesingar, historiske refleksjonar og levande lydlandskap vert historiane deira formidla i denne podkasten av Reidun Horvei, Ragnhild Gudbrandsen, Inger-Kristine Riber og Katherine Jane Hanson.
Me får mellom anna høyra om Marta Georgina Larsen, som gjekk om bord på Restaurasjonen i 1825 med barn i magen, og om Guri Endreson Rosseland, som overlevde Sioux-opprøret. Me vert kjende med Caroline Dorothea Preus, prestekona som skreiv om kvinna si rolle i kyrkja, og Margreta Nilsdatter Nesheim, som overlevde svik og sjukdom og bygde eit nytt liv i Chicago. Desse kvinnene bar med seg kunnskap, mot og uthald, men har ofte vorte oversette i dei store utvandringsforteljingane.
Med Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen som forteljarar, og Inger-Kristine Riber si lydformgjeving, vert desse historiene formidla med eit sterkt kunstnarisk uttrykk. Dette er ikkje berre ein podkast – det er ei levandegjering av dei norske kvinnehistoriane som har vore gøymde mellom linene i dei store narrativa.
2025 markerer 200-årsjubileet for den organiserte utvandringa til Amerika, men historia om migrasjon er langt frå over. Vågespel inviterer til refleksjon over kven som får fortelja historia, og kva me kan lære av fortida. Mange av kvinnene reiste for å finne arbeid og fridom, men innvandringa var ikkje utan offer. Dei møtte språkbarrierer, arbeidsutnytting og sosial isolasjon. Dei same erfaringane ser me i dagens migrasjonstraumar. Kva vil det seia å forlata alt ein kjenner? Og kven tek imot dei som kjem?
Lansering og tilgjenge
Podkasten vert tilgjengeleg på alle store strøymetenester frå 8. mars, medan nettstaden vil tilby utfyllande artiklar, bilete og originalt kjeldemateriale. Vågespel gjev ein ny dimensjon til utvandringshistoria, men også til norsk kvinne- og arbeidshistorie.
Vågespel er støtta av Fritt Ord