Den 25. september 1817 havarerte det hollandske skipet De Zee Ploeg ved Skjellanger nordvest for Bergen. Om bord var meir enn 550 tyske emigrantar på veg til Philadelphia. Skipet blei buksert inn til Bergen der havaristane blei værande til året etter då dei fleste kom seg vidare til Amerika. I ventetida fortalte dei nok bergensarane om det lova landet som venta dei på den andre sida av Atlanteren. Slik var dei nok med å inspirera til den norske utvandringa som starta med «Restauration» berre nokre få år seinare.
Ikkje alle kom seg vidare til Amerika, såleis var det blant emigrantane fleire barneflokkar utan forsørgjarar som byen måtte ta hand om. Dei vist seg snart å kunne stå på eigne bein og mange har sidan vore med å prega byen som tok imot dei.