Den amerikanske draumen om Norge

Ny utstilling i Bjørgohuset i sommer

Fotograf Ingerid Jordal utstiller i sommar på Norsk utvandrermuseum. Utstillinga Den amerikanske draumen om Norge knyttar utvandringshistoria opp mot dagens samfunn og det føreståande amerikanske presidentvalet i 2020.

Den amerikanske draumen om Norge tek utgangspunkt i korleis unge vaksne norskamerikanarar i Seattle ser på si eiga avstamming og identitet. Kva har Norge å seie for dei i dag? Korleis er unge menneske knytt til ei arv og ei fortid som er så "fjern"-både i tid og stad?

Seattle var ein av stadene mange nordmenn busette seg i den siste bølga av utvandring frå Norge-som varte heilt fram til 60-talet. Mykje har forandra seg sidan nordmenn i hundretusener drog over havet til det lova landet Amerika, og etter at Norge fann olja har det meste av utvandringa stansa. Forfedrene til dei som er intervjua utvandra frå eit relativt fattig Norge, i håp om å finna noko betre. No er levestandarden i USA lågare enn i Norge. Korleis påverker dette "lengselen etter Norge" hjå unge norskamerikanarar?

Ingerid Jordal er ein frilans fotojournalist med base på Vestlandet som har spesialisert seg på fotoreportasjar og portrett. Ingerid har ein MA i fotografiske studier frå University of Westminster (UK) og har jobba som profesjonell fotograf og skribent sidan 2005. Ho er medlem av Pressefotografenes klubb, Norsk journalistlag og Norske billedkunstnere.

Utstillingen vil være åpen i museets åpningstid i sommersesongen 2020 

25. juli til 16. august

Torsdag til søndag kl 11 til 15

Virtuell utstilling: Den amerikanske draumen om Norge

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd og Fritt ord.