Hopp til hovedinnhold
Av Bjørn Enes

Migrasjon - eit hovudtrekk i samtidshistoria

Innsamling av minneintervju om noko som hende for 200 år sidan, er jo i utgangspunktet umogleg. Derfor kunne ikkje Memoar vere tilbakeskuande, då vi fekk rundhanda støtte til prosjekt Migrasjonsminne frå Sparebankstiftelsen DNB. Arbeidet måtte handle om samtida, om den levande kulturarven.

Det blei raskt to hovudspor: Den kulturelle arven etter utvandrarane, og dei nåtidige forteljingane om innvandring og innvandrarar. Vi fekk tidleg ei kjensle av “Déjà vu”. Nord-amerikanske etterkomarar som dukka opp var gjerne fjerde, femte eller sjette generasjon. Innvandrarar som vi intervjua var som regel fyrste, andre eller tredje generasjon. Men slekts- og familieforteljingane i det fyrste sporet hadde mange fellestrekk med dei sjølvopplevde forteljingane i det andre.

På norsk manglar vi eit ord for slike fenomen som at det framleis finst mange - truleg millionar - nordamerikanarar som knyter ein viktig del av identiteten sin til det at ein eller fleire av forfedrane innvandra frå Noreg.Truleg vil fleire - kan hende alle? - innvandrargrupper i Noreg setje like langvarige spor. 

Organisasjonen “Tamil Diaspora Arkiv” (TDA) starta for fleire år sidan ei innsamling av munnlege og skriftlege kjelder om tamilar i Noreg. Parallelt med 200-årsmarkeringa fokuserte dei på 70 års innvandringshistorie frå Sri Lanka. Inspirert av TDA klarte prosjekt “Migrasjonsminne” å initiere tilsvarande arbeid innan pakistanske, vietnamesiske, polske, ukrainske, skotske og skogfinske miljø.  (Sistnevnte er jo betydeleg eldre enn det norske miljøet i Amerika, men identiteten er framleis sterk).

  • På Bryggen Museum i Bergen vart turistar med utvandrarbakgrunn intervjua av ungdomar med innvandringsbakgrunn, her representerte med Dekontee Manyeh (til v.) og Jenny Latife.
    1/1
    På Bryggen Museum i Bergen vart turistar med utvandrarbakgrunn intervjua av ungdomar med innvandringsbakgrunn, her representerte med Dekontee Manyeh (til v.) og Jenny Latife.

Memoar valde også å bruke omgrepet diaspora, sjølv om det opphavleg berre gjeld folk som vart fordrivne med makt. Mangelen på eit fellesord som også omfattar frivillig migrasjon, har ført til at “diaspora” har blitt utvatna, og dei norske standardordbøkene forklarar det idag som ei “folkegruppe som bur spreidd i land med ein annan kultur eller religion enn det opphavlege heimlandet, og som held saman og tek vare på eigen kultur eller religion” (Ordbokene.no).

Det er ikkje mogleg å setje tal på kor stort fenomenet er. Men ein peikepinn er jo SSB sine tal på fyrste- og andre generasjons innvandrarar, som i 2026 er omlag 22% av befolkninga. Det kan ikkje vere feil å anta at omlag kvar fjerde innbyggar i Noreg høyrer til eller har opphav i ein eller annan slik diaspora. Sjølv om vi i Memoar er stolte over det vi fekk samla i løpet av 2025, så er det klart at på dette feltet var vår intervjuinnsamling berre ein forsiktig start. Migrasjons- og diasporahistorie kjem til å bli ein svært viktig del av arbeidet vårt framover.

  • Fra vietnamesisk gjensynstreff, flere mennesker som spiser sammen rundt langbord.
    1/1
    Lillehammer, Mai 2025: Gjensynstreff for vietnamesiske båtflyktningar som vart berga av “MS Tysla”, var foranledninga for dei fyrste intervjuopoptaka i vietnamesisk diaspora.

Memoar sitt neste hovudprosjekt blir ei landsomfattande livshistorieinnsamling, organisert i tematiske delprosjekt. Eit av dei fyrste slike får tema pakistansk diaspora, med kombinasjonar av kurs for frivillige intervjuarar, innsamling av skriftlege minnetekstar og seriar av profesjonelle intervju. Strategien er at det skal inspirere andre diasporaer til liknande samarbeid.

Bjørn Enes er forfattar / frilansjournalist og er busett i Bergen. Han er prosjektmedarbeidar i Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie.